Stødt Bar&Scene er ein bar og ei kulturscene som ligg ved småbåthamna i Ørsta. Vi ynskjer å vere ein naturleg samlingsstad for alle som er glade i livemusikk, kultur og ikkje minst likar å møtast på bar over ein kopp kaffi eller noko anna godt !

Stødt opna i april 2022 og har sidan den tid vore så heldige å ha besøk av musikarar og band som Madcon, Adam Douglas, Valentourettes, Skapsmak, Sunnmøre Baarelag, The Carburetors og Egil Olsen for å nevne nokre av dei større. Ein stor del av konseptet til Stødt er å la alle få ein sjanse til å spele og underhalde. Alt i fra store velkjende band til nyoppstarta stand-up komikarar.

I februar og mars 2023 stengde vi dørene i nokre veker for å bygge om lokalet og baren. I tillegg utvida vi tilbodet på dagtid. Vi opna igjen 23. mars 2023 og har sidan då holdt ope. Steffen Wille Ytterstad kom inn som ny dagleg leiar sommaren 2024 og lanserte mange nye idear og menyar.
Menyen varierer litt med sesongane men vi prøver å oppdatere menyfana på toppen av nettsida med meir informasjon om utvalet av mat og drikke.

Vi har eit tett og godt samarbeid med fleire ulike organisasjonar i bygda, blant anna Bygde Pride, Naturfesten, Løye i Lag, Nynorsk Festspel, Bratt & Blått og Musikk i Sentrum for å nevne nokre av dei meir faste samarbeida. Dei to sistnemnde er deleigarar i Stødt. Samman har vi skapt fleire fantastiske arrangement som har samla mykje folk, og skapt fleire uforgløymelege augeblikk.

Aktivitetane som ein kan finne på Stødt varierar stort! På det jamne arrangerar vi quiz med vår kjære quizmester Haakon.
Vi har vist Champions Leaguefinala i 2022, hatt vinylkveldar, strikkekveldar, filmvisningar, framføringar av ulike slag, stand-up komikarar og mykje meir. Sjekk ut sosiale media for å sjå alt vi har arrangert sidan vi åpna dørene april 2022. Her på nettsida kan du sjå komande arrangement under Arrangement-fana på toppen av nettsida.