You are currently viewing MADCON 19. AUGUST

Sommaren er over for i år, og her på Stødt valgte vi å avslutte den med eit smell! 19. August kjørte vi på med Madcon-konsert på utescena med over 1000 deltakarar. Været var ikkje nødvendgvis heilt med oss, men tempraturen var fin og stemninga var magisk.

TROYS & JIM starta showet kl. 21:30 med original låter. Publikum var engasjert og stemninga var topp.
22:30 gjekk Madcon på scena og uteområdet var stappfullt. Madcon-gutta kan å lage show, uten tvil.
Fra ca. 23:30 og utover sto JIM for musikken som DJ, og publikumsområdet blei fort om til eit brennheit dansegolv!

Alt i alt ein fantastisk kveld, dette skal vi absolutt få til nok ein gong!
Sjekk ut bilda fra kvelden!