You are currently viewing Ein kveld med Vinyllauget

Skrive av Håvard Krøvel-Velle

Søndag 4. september snurra medlemmar i Vinlyllauget plater på Stødt, som ein del av programmet til Musikk i sentrum.


Det var noko skralt oppmøte – me vonar det fine vêret, Manchester United vs Arsenal, eliteseriedebut for handballjentene i Volda og ein innhaldsrik laurdag (både i Ørsta og på Sæbø) er hovudårsaka til det, ikkje mangel på vinylinteresserte.

Vertane var uansett godt nøgde med kvelden og takkar Stødt og dei oppmøtte. Spesielt takk til Volda vinyl v/Gunnar Strøm, Ståle Hansen og Tom Batts. Dei hadde gjesteinnslag og overrekte eit eksemplar av Ian Hunter – Short Back N’ Sides, plata med låta «Old Records Never Die», som har vore deira faste følgjesven i 19,5 år.

Vinyllauget håper å kunne gjenta dette konseptet på Stødt ved eit seinare høve.